mandag 31. august 2015

Søknaden er levert!

I ei veke no har eg jobba heilt vilt mykje! I all ledig tid har eg teikna, jobba med manus og teikna litt meir. Eg har jobba til seint kvar kveld, men no er søknaden endeleg levert. Kryss fingre! Eg har ein meir detaljert stil i den nye boka, og mykje av handlinga foregår på natta. Då er det ekstra mykje skravering, og det tar tid. Det er jo ofte sånn at når ein har mykje å gjere med jobb, då ballar det på seg med andre ting og. Då eg borra eit hol hjå tannlegen på onsdag holdt eg på å sovne. Det var berre så utruleg deilig å sitte stille i ein stol og slappe av litt! Denne veka har eg tenkt å ta det litt meir med ro, for å seie det sånn. Eg skal ta ei pause frå boka mi og bruke gouache litt att. Eg skal blogge, sjå på TV-seriar, leite etter leiligheter på Finn (Oslo, here we come!) og teikne ein dagbokteikneserie om då eg var på Oslo Comics Expo. Det var ei litt rar (og fin!) helg. Eg skal og forberede undervisninga til fredag, for då underviser eg teikneserieklassa på Buskerud folkehøgskule. Det gjer eg kvar fredag no, og det er veldig kjekt!

mandag 24. august 2015

Svar på spørsmålsrunden!

Har du noen gode tips til å holde konsentrasjonen oppe på "hjemmekontoret"? 
Mitt beste tips er å skru av internett. Hvis ikkje er eg rask til å byrje å surfe rundt kvar gong eg står fast med noko eller jobbar med noko vanskeleg. Trikset mitt er å laste ned eit par nye podcastepisoder, skru av internett (eg brukar programmet "Freedom" til det) for ca 60-90 minutt, for så å jobbe konsentrert til internett skrur seg på att. Då tek eg meg ei pause, sjekkar mail og litt ymse eller kanskje tek meg ein matbit. Så skrur eg av internett att og jobbar. Kjem eg på noko eg vil sjekke på nettet etterpå noterer eg det berre ned. Så det er nok det beste tipset eg har! Og ja; gjere ein ting om gongen. Eg prøvar å ikkje teikne, blogge, svare på epost, finne kvitteringar og skisse, alt på samme formiddag. Då får eg berre høge skuldre og følelsen av at eg ikkje har gjort noko som helst. 


Har du noen gode råd til ei som vil bli litt flinkere til å skisse? 
Øve. Øve, øve, øve. Og sjå meir på motivet enn på arket! Og jobbe raskt og uanstrengt, utan å vere redd for resultatet. Øve, og ikkje vere redd. Det er nok essensen.  

Er det vanskelig å si seg ferdig med noe? Typ en bok? Og hvordan gjør du det? 
Ja, det er vanskeleg. Men ofte har ein ein deadline, og då MÅ ein jo vere ferdig. Også er det greit å tenkje på at ingenting kan vere perfekt. Og gjennom ei heil bok vil det både vere ting ein er kjempefornøgd med og ting ein kunne ynskje ein gjorde oppatt. Hvis ein har som mål at skal bli 110% perfekt blir ein nok aldri ferdig! Eg har fleire sider i "Hundedagar" som eg verkeleg ikkje føler er bra nok. Men sånn blei det! Og alt i alt så er eg fornøgd likevel. Men eg er ingen perfeksjonist då. Det er eg for utålmodig til! 



Har du en inspirasjonskilde du stadig søker tilbake til?
Hvis eg treng inspirasjon går eg inn på Pinterest. Der finn eg så vilt mykje fint! Så det er den inspirasjonskjelda eg brukar hyppigst. Ellers blir eg ofte inspirert når eg er ute og reiser (iallfall når eg reiser åleine med skisseboka) og på gallerirundar. Og av film! Ikkje minst.

Korleis fann du fram til teiknestilen din, og var du innom mange andre stilar på vegen? Har teiknestilen din utvikla seg mykje gjennom åra, eller har den vore ganske stabil? Og kanskje har du gamle teikningar å dele? Synst alltid det er så inspirerande å sjå korleis illustratørar utviklar seg over tid. 
Teiknestilen min har nok utvikla seg, samtidig som streken min har vore der heile vegen. Eg har eg prøvd ulike retningar no og då, men eg har alltid vendt tilbake til den litt skisseaktige stilen som er meg. Eg kan godt vise eit døme på ein stil som er mykje meir detaljert; den brukte eg til nokre kunstprosjekt for 5-6 år sidan. Det fungerte ikkje så bra, for eg byrja å kjede meg veldig mens eg hold på. Eg sakna den kjappare skissestreken min, og følte at særpreget mitt blei vekke. Kven som helst kunne ha teikna det, liksom. Eg kan og vise nokre eldre teikningar eg har laga, så her kjem det! 



Hvor er du utdanna? Så vidt jeg forstår har du bodd i Bergen. Hva likte du best å gjøre i Bergen? Har du noen illustrasjoner herfra? Jeg synes det er en så vakker by! 
Eg gjekk først på Kunstskulen i Bergen (KiB) som eg anbefalar veldig. Så tok eg grunnfag kunsthistorie og var forvirra over kva eg skulle gjere med livet mitt. Etter eit par år i villelse reiste eg til England og tok ein bachelor i visuell kommunikasjon med fordjupning i illustrasjon. Eg budde i Bergen frå 2000 til 2003, så det er ei god stund sidan. Den neste boka mi er henta derfrå, så då kjem det til å dukke opp mange fine Bergensmotiv! 


onsdag 19. august 2015

Rectify

Det er haustdrag i lufta og seriesesong att, og eg har blitt hekta på "Rectify". Det ligg ein sesong på norsk Netflix og to sesongar på amerikansk Netflix. Eg trur det er fire sesongar totalt? Eg er midt i sesong to no, og så langt er den veldig fin. Karakterane er så levende skildra, og serien har ein detaljrikdom som gjer historia truverdig. PS: Dykk kan fortsatt stille spørsmål til meg hvis dykk vil! Eg har fått inn nokre fine spørsmål allereie, men kjekt med fleire!

søndag 16. august 2015

Spørsmålsrunde!

Her er nokre blomar på tampen av sumaren. Eg teiknar utelukkande på den nye boka mi no, men i dag måtte eg berre finne fram blekket og teikne nokre raske skisser. Fram mot søknadsfristane framover blir det berre bok, bok, bok. Men kva med å ta ein liten spørsmålsrunde? Eg får avogtil spørsmål her på bloggen eller på mail, så no tenkte eg å ta min første spørsmålsrunde. Alt frå teiknetekniske ting, det kreative livet, utdanning eller heilt andre ting! Håper på mange fine spørsmål, eg svarer på det meste.



mandag 10. august 2015

Første smakebiten!

Her er altså første smakebiten frå den neste boka mi. Arbeidstittelen er "Bergen", og det handlar om då eg var student der på byrjinga av 2000-talet. Noko er ekte hendingar, noko er forandra for å skape driv i historia, men eg merkar at det er vanskeligare å lage sjølvbiografisk arbeid fra vaksenlivet enn frå barndommen. Berre det med anonymisering blir eit heilt anna spørsmål. Og kva vil eg eigentleg dele? Og hvis det er ting eg velgjer å ikkje dele, kva gjer det med historia? Det er mange vurderingar å ta, men eg trur det er viktig å vere modig og fortelje det slik det var. Det er då ein fortel dei viktigaste historiane!

tirsdag 4. august 2015

August

I september og oktober er det fleire søknadsfrister, så no i august er hovedfokuset mitt å komme så langt som mulig på den neste boka mi. Eg er inne i ein god jobbeflyt no, så det er berre å smi medan jernet er varmt. Nett no lagar eg storyboard, og det er liksom der all magien skjer for min del. Det kjennes litt som ein kabal som skal gå opp eller eit mattestykke ein må løyse, og alle moglegheiter er fortsatt åpne. Når eg kjem på ei god løysing som både driv historia vidare og samstundes er visuelt spanande får eg ein skikkelig godfølelse, og då kjenner eg verkelig at teikneserier er det beste eg veit. Ingen tvil i mitt hjarte. (Det er igrunnen aldri tvil i mitt hjarte når det kjem til akkurat det...)

September kjem til å bli ganske travel med både festival, utstilling og bokbad, så no skal eg bruke augst til å jobbe, jobbe, jobbe alt eg kan fram til då. Wish me luck!