fredag 18. september 2015

Montering!

Slik såg det ut dei to dagane eg monterte arbeidet mitt på Tegnerforbundet. Det er jo nesten 80 bilder med skisser og alt, så det tok tid! Heldigvis hadde me nokon til å assistere oss, så det var gull. Men eg måtte fram med kalkulatoren nokre gonger, for å seie det sånn. Åpninga var i går, og det var kjekt. No håper eg at mange tek turen, og kanskje kjøper noko og? Alle bilde er iallfall til salgs! På søndag er det artist talk klokka 13, og det anbefalar eg alle å komme på. Då får du høyre kva eg, Kristian og Xueting har tenkt med arbeidet vårt, og korleis me har jobba. Be there or be square!

fredag 11. september 2015

Kva som skjer framover

I kveld skal eg vere gjest på teikneseriefestivalen Stribefeber i Kristiansand. Der skal eg snakke om dilemmaer i sjølvbiografisk arbeid, og teikneserier generelt. Det trur eg blir gøy! Eg skal forøvrig vere i Kristiansand heile helga og få med meg litt andre ting på programmet og. Hvis du tilfeldigvis er i Kristiandsand bør du stikke innom!

Torsdag neste veke er det utstillingsåpning på Tegnerforbundet; der stiller eg ut samans med Kristian Krohg-Sørensen og Xueting Yang. Det trur eg blir knallbra, og eg håper mange av dykk tar turen dit. Byrjinga av neste veke går med til oppheng og forberedelsar, og etterkvart blir det både artist-talk og teikneserieworkshop.

Veka etterpå der skal eg til Rauma, og vere bokbadgjest på Rauma folkebibliotek. Dei ferraste av dykk er vel der oppe, men eg nemner det likevel. Eg skal og ha foredrag om boka mi på skulen der eg vaks opp, så det blir bra.

Det er travle veker foran meg, men det skal gå bra. Må berre ta ein ting av gongen og krysse dei av lista etterkvart. Det blir jo ein del å forberede i forkant av kvar post, så det går jo med litt tid. Det som er utruleg kjekt, i tillegg til å få oppmerksomheit rundt boka, er jo at eg faktisk får betalt for alt dette. Veldig greit å få tjent litt pengar på boka og, si. Og apropos pengar; Hundedagar er med på innkjøpsordninga no, og skal bli kjøpt inn til alle landets bibliotek. Hurra! Igjen; veldig glad for at boka får merksemd og når ut til publikum, men og veldig glad for å tjene pengar.

Her ser du forresten eit par sider frå skisseboka mi. Eg planlegg oppheng på Tegnerforbundet samt testar ut fargar til ei lita teikneseriehistorie. Skal bruke fargeblyant i ein serie for fyrste gong, og eg trur det kan bli bra.

mandag 7. september 2015

Ny veke, ny inspirasjon!


Eg har snakka om Lizzy Stewart før, men ho kan ikkje nemnast for ofte. Over ser du ein illustrasjon frå ei av reisedagbøkene hennar. Dei er så fine! Eg får lyst til å reise rundt med skisseboka mi, det er noko av det beste eg veit. Sjå fleire av reisedagbøkene hennar her.

Amy Egerdeen lagar bøker, fanziner, illustrasjonar og trykk. Mykje fint og inspirerande.

Sjekk ut illustratør Olga Tranchini. Veldig fin blyantstrek!

Illustratøren Katrin Coetzer bur i Cape Town, og det gjer at ho teiknar nydelege, afrikanske motiv. Sjekk ut nettbutikken hennar her.

Elskar dette bildet på Society 6, laga av illustratøren Yuliya. Nydelege fargar!

Tusen takk til dykk som bestilte fanzine av meg i helga, der alle inntektene gjekk til Røde Kors og flyktningkrisa. Til saman blei det 850 kroner som no er overført og øremerka saka! Tusen, tusen takk.

torsdag 3. september 2015

Kjøp fanzina mi og hjelp mennesker i nød!

Dykk hugsar sikkert fanzina eg lagde for nokre månedar sidan? Eg har fleire att, og no håper eg at enda fleire vil kjøpe. Eg gir nemleg alle pengane som kjem inn til Røde Kors og flyktningkrisa i Europa. Så du får altså ei fin fanzine i posten samstundes som du gir 50 kroner til mennesker i nød. Så altså; kjøp ei fanzine, og eg gir alle pengane som kjem inn til Røde Kors. Vinn vinn for alle!