mandag 26. oktober 2015

Gouache rage?

Ryddar på kontoret i dag, og fant denne teikninga. Kan ikkje hugse å ha laga den, og eg kan heller ikkje hugse å ha kalla noko for gouache rage. Hehe.

fredag 23. oktober 2015

Skissebok og BokPod


Her er nokre skisser frå då eg høyrde på den nyaste episoda av BokPod. Denne gongen var Beate Grimsrud intervjua, og eg er veldig glad i bøkene hennar. Er du nysgjerrig på korleis kreative folk jobbar bør du høyre på denne podcasten, den er veldig inspirerande! Dagens tips til helga.

torsdag 8. oktober 2015

Alt og ingenting

I dag sitt eg ved skrivebordet og har så mange forskjellige ting å gjere at eg ikkje får gjort noko som helst. Kjennes det som iallfall. Mailar eg skal svare på, søknadar som skal skrivast, teikningar som bør bli ferdig og skuleoppgåver som skal bli førebudd. Alt hopar seg opp på skrivebordet. Eg prøver å rekke over alt på ein gong, og då blir det berre litt av alt. Ikkje den mest produktive dagen, akkurat! Eg får berre brette opp armane og samle nokre av dei lause trådane, alt blir lettare når ein har oversikt!

Her er forresten eit utkast til ei teikning som aldri blei med i Hundedagar. Eg trur ikkje eg har delt den på bloggen før? Kan jo vere artig å sjå kva som ikkje blei med og. Det er kanskje litt slik eg ser ut i dag?

tirsdag 6. oktober 2015

Ein time i skisseboka

I går satt eg ein time på kafé, og her er noko av det som dukka opp i skisseboka.




mandag 5. oktober 2015

Amy


Eg såg denne filmen i helga, og den anbefales på det varmaste, då den er både trist og veldig inspirerande på samme tid. Sjølv om Amy Winehouse sklei meir og meir ut, var ho og lidenskapeleg opptatt av musikken, og ho skreiv såre tekstar om det som hendte henne. Filmen er og veldig bra produsert, og det er god driv i historia heile vegen. Eit bra mandagstips hvis du vil sjå film i kveld!

fredag 2. oktober 2015

Oktober

Eg skulle eigentleg til Romsdalen ein liten svipptur for å halde foredrag på min gamle ungdomsskule, samt vere bokbadgjest på Rauma folkebibliotek. Alt det gjekk kjempebra, men samtidig med alt dette døydde plutseleg mi gamle farmor. Så då blei eg plutseleg verande i Romsdalen i ni dagar i staden for to, og turen fekk plutseleg eit litt anna innhald. Det var mykje trist og mykje fint, slik det ofte er når veldig gamle folk døyr brått. Men no er eg heime att og klar for oktober; eg håpar det blir ein fin månad!