mandag 4. januar 2016

2016

Hei! No er det lenge sidan eg har delt noko her; tida har rett og slett berre løpt frå meg. Men no er det eit nytt år med eit roligare tempo. Håpar eg. Ja, bortsett frå at me skal flytte då, det krever jo sitt! Men bortsett frå det håpar eg å vie 2016 til bokjobbing. Eg er så klar for å fordjupe meg i det nye bokprosjektet mitt at du anar ikkje. Så stikkorda her er OSLO og BERGEN. Som i å flytte til Oslo, og å jobbe med boka om Bergen. Eg gler meg til å legge ut meir på bloggen framover, og følg meg gjerne på instagram @anjadahle. Godt nytt år!

2 kommentarer:

  1. Godt nytt år! Og så fine fargar på illustrasjonen! Gler meg til å følgja deg vidare, sjølv om eg ikkje kommenterer her så ofte:-)

    SvarSlett