torsdag 28. januar 2016

Planar framover

Nett no jobbar eg først og fremst på boka mi, der eg har gjort ferdig fjorten sider. I tillegg er det eit par søknadar som skal skrivast, samt eit opplegg for den kulturelle skulesekken som skal førebuast. Så det er litt forskjellig å henge fingrane i, men det er no slik eg likar det og! Men realiteten er; det er ikkje sikkert me får barnehageplass når me flyttar til Oslo om to månedar. Kapasiteten er heilt sprengt, og ingen kan love noko som helst. Eg må difor forberede meg på å vere så godt som fulltidsmamma ei periode etter flyttinga, og eg prøvar å få mest mulig gjort fram til då. (Mannen min har ein mykje meir "vanleg" jobb, med klientar og kollegaer, så eg trekk nok det kortaste strået om kven som skal vere dagmamma!) Eg kjenner meg sjølv godt, og eg treng å jobbe for å ha det bra. Eg må difor belage meg på å jobbe ein del kveldar, men eg trur og det blir lettare å legge frå seg arbeidet hvis eg er på god veg framover. Målet mitt no er difor å ha ferdig 25 boksider fram til april. Då må eg stå på, men eg trur det skal gå! Dei to neste månadane blir det difor mykje jobbing, men og litt reising. Eg skal ta meg ein Bergenstur, samt ta påskeferie på vestlandet. Og ta ei natt heilt åleine på spahotell med ein stor bunke bøker. Ikkje minst!!

1 kommentar:

  1. Cool..Virkelig hyggelig å planlegge ahead..this er en god påminnelse ;)

    SvarSlett