tirsdag 9. februar 2016

Tolmod


















Eg er så gira på den nye boka mi akkurat no! Og eg har lyst til at den skal vere ferdig med ein gong. Eg er utolmodig av natur, og eg seier som lille My; "Hvis jeg vil gjøre noe vil jeg gjøre det i dag! Ikke i morgen eller i overimorgen!" Så å lage bok er ei tolmodigheitsprøve for slike som meg. Eg veit jo at hvis boka skal bli best mulig bør eg ta meg god tid og virkelig gå inn i prosessen. Ikkje tenkje at den skal bli ferdig til ein gitt frist, eller "så fort som mulig". Eg har lyst at denne boka skal bli meir gjennomarbeida enn den første, både når det kjem til innhald og utforming, og ting tar tid. Det er og fleire ting eg har lyst å prøve ut når det kjem til oppsett, ruter og teknikk, og det er jo ikkje gjort på ein dag. Så pust inn, pust ut og ta ei side om gongen!

2 kommentarer:

  1. Det er himla vanskelig av og til, balansen mellom driven ein har til å gjera noko og utholdenheiten ein må ha for at det skal bli så bra som ein veit at det må. Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje sant? Det held ikkje med ein god idé, det tek masse tålmod og utholdenheit og!

      Slett