torsdag 28. januar 2016

Planar framover

Nett no jobbar eg først og fremst på boka mi, der eg har gjort ferdig fjorten sider. I tillegg er det eit par søknadar som skal skrivast, samt eit opplegg for den kulturelle skulesekken som skal førebuast. Så det er litt forskjellig å henge fingrane i, men det er no slik eg likar det og! Men realiteten er; det er ikkje sikkert me får barnehageplass når me flyttar til Oslo om to månedar. Kapasiteten er heilt sprengt, og ingen kan love noko som helst. Eg må difor forberede meg på å vere så godt som fulltidsmamma ei periode etter flyttinga, og eg prøvar å få mest mulig gjort fram til då. (Mannen min har ein mykje meir "vanleg" jobb, med klientar og kollegaer, så eg trekk nok det kortaste strået om kven som skal vere dagmamma!) Eg kjenner meg sjølv godt, og eg treng å jobbe for å ha det bra. Eg må difor belage meg på å jobbe ein del kveldar, men eg trur og det blir lettare å legge frå seg arbeidet hvis eg er på god veg framover. Målet mitt no er difor å ha ferdig 25 boksider fram til april. Då må eg stå på, men eg trur det skal gå! Dei to neste månadane blir det difor mykje jobbing, men og litt reising. Eg skal ta meg ein Bergenstur, samt ta påskeferie på vestlandet. Og ta ei natt heilt åleine på spahotell med ein stor bunke bøker. Ikkje minst!!

fredag 22. januar 2016

Måsen

Her er første side av historia mi "Måsen". Den er på trykk i det nyaste nummeret av Forresten, og den er på sju sider i alt. Dette er faktisk den første historia eg har teikna der eg bruker fri fantasi, sjølv om dei tre første sidene er basert på ei sann hending. Eg skal jo lage sci-fi etterkvart, og eg er blir nesten lamma når eg tenkjer på at eg kan dikte opp kva som helst! Teikn kva du vil, liksom. Det er noko av det eg likar med å bruke historiar frå røynda; at eg allereie har klare føringar for historia. Alt blir liksom litt lettare då. Så det blir bra å øve seg litt på fri diktning, det er jo måte på kor mange bøker eg kan fylle med historier frå mitt eige liv?  Du kan sjå alle sidene i "måsen" på nettstaden min.

onsdag 20. januar 2016

Flyttesjau og gode bøker

Den siste veka har vore supertravel, då me har flytta ut av huset vårt! Pakking, pakking, enda meir pakking, rydding, kasting, enda meir rydding, og i dag skal me gi frå oss nøklane! Det blir berre så utruleg deilig. Leiligheta vår i Oslo er ikkje klart før i starten av april, så førebels må me bu hjå svigers. Håper dei månedane går fort, for eg er klar for å starte storbylivet!

Bilde 1: Eg har laga ei lita historie om mensen. Først prøvde eg meg på fargar, men endte opp med å lage det ferdige arbeidet i blyant. Dukkar opp i ei bok nær deg! Bilde 2: Bind to av Napolikvartetten. Har du ikkje lese Ferrante enno, så gjer det! Bind tre kjem i mars, så du rekk å lese dei to første før det. Bilde 3: Ida Hegazi Høyer er ein fantastisk forfattar, og "Fortellingen om øde" er nydeleg. Og vond. Liker du gode bøker, så vil du like denne! Bilde 4: Verdens dyraste og finaste dagbok frå Rifle Paper. Love it!

torsdag 14. januar 2016

Verdensmagasinet X

I haust laga eg ein teikneserie på to sider for Verdensmagasinet X. Fokuset på dette nummeret var klimakrisa og korleis den påvirker folkegrupper som blir lite høyrd. Eg valgte å sette søkelys på Kamayuráfolket og dei utfordringane dei har. Her ser du første sida, og denne gongen lagde eg eit arbeid uten klassiske ruter. Det var veldig lærerikt, og meir utfordrande enn eit vanlig ruteoppsett. Alt måtte jo henge samans og gli inn i kvarandre. Kanskje eg skulle delt skissene til dette prosjektet og? Blei litt knoting fram og attende før eg landa på dei rette idéane og oppsettet. Eg synes det er veldig gøy å få illustrasjonsoppdrag der eg får bruke teikneserier. Eller rettere sagt; eit teikneserieoppdrag. Håper det blir fleire av dei framover i år!

tirsdag 12. januar 2016

Bergen

Her er ei side frå nyboka! Eg har no tolv sider ferdig og eg trur det blir ca 110 tilsammen. Så den kjem ikkje i butikken med det første, for å seie det sånn. Målet er å få gitt den ut våren 2017, så i heile 2016 skal eg teikne, teikne, teikne og komme så langt som råd er. Akkurat no har eg skikkelig trua på prosjektet, og eg gler meg til å jobbe vidare. Det er berre å nyte følelsen, for det kjem til å svinge maaange gonger gjennom prosessen. Håper uansett at det heile går litt glattare enn med første boka, for då var det mykje prøving og feiling. Learning by doing!

fredag 8. januar 2016

Sci-fi


Det er berre å glede seg! Sjekk arbeidet til Anders N. Kvammen her.

onsdag 6. januar 2016

Desember


Til jul lagde Mariell på bloggen Hjartesmil eit fint adventsmagasin, og der hadde eg denne illustrasjonen. Eg prøvde å fange essensen av det me ynskjer desember skal vere, og ikkje alt stresset som ofte pregar oss. Tenk å vere nedsnødd på ei hytte med ein bunke bøker, ein katt og store mengder bakverk og klementinar? Trur det blir oppskrifta på neste julefeiring. Eg kosa meg forresten skikkelig med å lage denne illustrasjonen, og den vil komme for salg i nettbutikken min etterkvart. Eg håper å få meir produkt i nettbutikken utover året; det einaste som ligg der no er fanzina mi, og den er utsolgt. Er veldig glad for at den har solgt så bra, og eg håpar å få lagd ei ny fanzine i løpet av 2016. Tusen takk til alle som har kjøpt!

mandag 4. januar 2016

2016

Hei! No er det lenge sidan eg har delt noko her; tida har rett og slett berre løpt frå meg. Men no er det eit nytt år med eit roligare tempo. Håpar eg. Ja, bortsett frå at me skal flytte då, det krever jo sitt! Men bortsett frå det håpar eg å vie 2016 til bokjobbing. Eg er så klar for å fordjupe meg i det nye bokprosjektet mitt at du anar ikkje. Så stikkorda her er OSLO og BERGEN. Som i å flytte til Oslo, og å jobbe med boka om Bergen. Eg gler meg til å legge ut meir på bloggen framover, og følg meg gjerne på instagram @anjadahle. Godt nytt år!