torsdag 25. februar 2016

Boktips, filmtips og alt imellom.


Først vil eg tipse dykk om Jon Fosse sin trilogi. Den er heilt fantastisk, og eg leste heile boka i ein smell (!) berre avbrutt av tissepauser og eit måltid mat. Kva skal eg seie? berre les den. Og så vil eg tipse dykk om filmen "Room". Den har nett komme på kino, og den er så sterk, vond og nydeleg på samme tid. Filminga er så fin, med ei rekke fantastisk enkeltbilder og scener. Anbefaler alle å sjå den, sjølv om du garantert kjem til å grine. Eg gret aldri av filmar, men her mista eg heilt kontrollen. No er det forøvrig berre 12 dagar til flytting! Og neste veke dreg eg ein tur til Bergen, så det kortar jo ned ventetida enda meir. Åh, eg gler meg! Både til Bergenstur og til Oslo.

tirsdag 16. februar 2016

Ein haug med blyantar og litt storyboard. Å lage storyboard er litt som å skulle få ein kabal til å gå opp, og det er veldig gøy når ein får det til. Det er ikkje fullt så gøy når ein føler at alle rutene blir like, eller når tempoet på dialogen blir rar. Eg kan sitte å gruble over ei side i evigheiter, men så plutseleg løysar det seg, eller eg kan føle at alt funkar heilt til sidene er ferdigteikna. Då kan eg oppdage at eit eller anna berre skurrar. Ved siden av manus er storyboard den mest utfordrande jobben med å lage teikneserier synes eg. Men og den kjekkaste. Denne veka ber forøvrig preg av intens jobbing fram mot ein søknadsfrist og førebuing til den kulturelle skulesekken. Og av forkjølelse. Og av bilsalg (hadet stasjonsvogn!). Ei ganske vanlig veke, med andre ord. 

fredag 12. februar 2016

Inspirasjon

Her kjem det litt inspirasjon på ein fredag. Håper noko av det fell i smak; eg fekk iallfall lyst til å teikne nokre kjappe teikningar i skisseboka mi etter å ha kikka på desse nettstadane. 

Ta ein titt på Kate Pugsley. Fine fargar og fine mønster.
Sjekk ut nettsida til Dasha Tolstikova, så vanvittig mykje fint!

Er det berre meg som blir inspirert av kreative arbeidsbord? Sjekk denne sida for ein bråte godbitar.


Sjekk ut illustratøren Beatrice Cerocchi. Fin strek!


tirsdag 9. februar 2016

Tolmod


















Eg er så gira på den nye boka mi akkurat no! Og eg har lyst til at den skal vere ferdig med ein gong. Eg er utolmodig av natur, og eg seier som lille My; "Hvis jeg vil gjøre noe vil jeg gjøre det i dag! Ikke i morgen eller i overimorgen!" Så å lage bok er ei tolmodigheitsprøve for slike som meg. Eg veit jo at hvis boka skal bli best mulig bør eg ta meg god tid og virkelig gå inn i prosessen. Ikkje tenkje at den skal bli ferdig til ein gitt frist, eller "så fort som mulig". Eg har lyst at denne boka skal bli meir gjennomarbeida enn den første, både når det kjem til innhald og utforming, og ting tar tid. Det er og fleire ting eg har lyst å prøve ut når det kjem til oppsett, ruter og teknikk, og det er jo ikkje gjort på ein dag. Så pust inn, pust ut og ta ei side om gongen!

tirsdag 2. februar 2016

Boktips for februar

Her er enda fleire fine bøker! "Om høsten" av Knausgård med illustrasjonar av Vanessa baird er nydeleg, den var litt som ein godtepose. Eg leste ei rekke bra bøker i januar, men så byrja eg på fleire som eg ikkje likte. Då lånte eg to bøker eg har lese før, og som eg veit er bra! Sigrid Undset med "Ida Elisabeth", og "Under verden" av Ida Hegazi Høyer. Undset-boka har eg lese to gonger før allereie, så dette er tredje runden. Men den er så bra! Fantastisk om kvinneliv på 30-talet. Om kjønnsroller, om å stå på eigne bein, om å oppdra ungar og om det å miste ungar. Ei veldig sterk bok. Ellers så har me fått framskynda flyttedatoen til Oslo med ein heil månad, så no er det berre fem veker att til me har nøkkelen i hånda. Håper det går fort fram mot mars!