onsdag 18. mai 2016

Bergen!

Hei! Eg er kjapt innom etter tre månader (!) for å seie at eg befinn meg i Bergen i helga. Då går nemleg teikneseriefestivalen Draft av stabelen, og på laurdagen er det marknadsdag. Der vil du finne meg mellom 12-18.00, og der selg eg alt frå bok til fanzine, trykk, klistremerker og postkort. (Nytt opplag av "Hei, er det du som har kreft?" fresh from the press) Kom gjerne innom for ein handel, eller berre for ein prat. Det er og koseleg. Det heile foregår på Bergen offentlige bibliotek, og det er mange andre dyktige folk som og dukkar opp. Verdt turen, med andre ord. (følg meg gjerne på instagram @anjadahle)